Vegtilsynet refsar for dårleg arbeidsvarsling i tunnelar

Vegtilsynet fann alvorlege feil ved arbeidsvarslinga i fire av fem tunneloppgraderings-prosjekt i Region vest.

Fem oppgraderingsprosjekt i region vest vart undersøkt, blant dei Gudvangatunnelen.
Fem oppgraderingsprosjekt i region vest vart undersøkt, blant dei Gudvangatunnelen. Foto: Hommedal, Marit/NTB Scanpix
Redaksjonen Våre Veger
11. jan. 2018 - 12:34

Målet med tilsynet var å undersøke om Statens vegvesen, Region vest, tek i vare sikkerheita for trafikantane ved arbeid i tunnelar.

Fem oppgraderingsprosjekt vart undersøkt, blant anna ved inspeksjonar av arbeidsvarsling i Gudvangatunnelen, Fretheimtunnelen, Onstadtunnelen, Bømlafjordtunnelen og Lyderhorntunnelen. Vegtilsynet undersøkte om det vart gjort ei vurdering av risikoen for trafikantane, og om arbeidsvarslinga var i samsvar med krav. I tillegg vart det undersøkt om regionen har eit styringssystem som sikrar at arbeidsvarslinga vert kontrollert og følgt opp.

Regionen har sett i verk fleire tiltak for å betre arbeidsvarslinga. Likevel fann Vegtilsynet, gjennom inspeksjon, alvorlege feil i fire av dei fem undersøkte prosjekta. Det står difor att eit arbeid med å få sikkerheita til trafikantane godt nok teke i vare ved arbeid i tunnelar.

 

Vegtilsynet fann at regionen:

  • ikkje har utført risikovurderingar som avdekker alle farlege forhold for trafikantane som følge av tunnelarbeidet;
  • ikkje har sikra at det i arbeidet med arbeidsvarslingsplanar er utført risikovurderingar som avdekker alle farlege forhold for trafikantane;
  • ikkje sikrar at risiko som er påpekt i den overordna risikovurderinga vert tatt omsyn til i risikovurderinga for arbeidsvarslingsplanane;
  • ikkje tek i vare sikkerheita til trafikantane godt nok når det vert arbeidd i tunnelane;
  • ikkje i tilstrekkeleg grad har sjekka at arbeidsvarslinga er relevant for det arbeidet som vert utført og at arbeidsvarslingsplanen vert følgt;
  • brukte ledebil i samsvar med krav;
  • ikkje har et styringssystem som sikrar tilstrekkeleg informasjon til å vurdere og sette i verk tiltak for kontinuerleg forbetring når det gjeld arbeidsvarsling.

 

Vegtilsynet fann fem avvik som vil bli følgt opp med Region vest. I tillegg vart det gjort ein observasjon.

Les mer om:
Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.