Begge prosjektleiarane kunne smile breidt etter vellukka gjennomslag. Prosjektleiar i Statens vegvesen, Oddvin Ylvisaker(t.v.), og Sigurd Storøy i Mesta Entreprenør.(Foto: Statens vegvesen, Heidi Ravnestad)
Begge prosjektleiarane kunne smile breidt etter vellukka gjennomslag. Prosjektleiar i Statens vegvesen, Oddvin Ylvisaker(t.v.), og Sigurd Storøy i Mesta Entreprenør.(Foto: Statens vegvesen, Heidi Ravnestad)

Siste tunnel for Mesta

Borlaugstunnelen på E16 Filefjell, er siste tunnel som vert bygd av Mesta Entreprenør. Torsdag var det gjennomslag.

Torsdag var det gjennomslag i Borlaugstunnelen på E16 Filefjell, og dette vart ein merkedag på fleire måtar. Dette er siste tunnel som vert bygd av Mesta Entreprenør, selskapet som vaks fram etter omlegginga av Statens vegvesen i 2003.

- Det var med litt blanda kjensler at vi feira dette gjennomslaget. Eg såg det på arbeidsfolka, at der var både glede og vemod. Mange av tunneldrivarane har jobba i Mesta i mange år, og har følgt oss frå prosjekt til prosjekt, fortel Sigurd Storøy, prosjektleiar i Mesta Entreprenør.

 

Implenia overtek



E16 Borlaug – Smedalsosen er eit av dei siste prosjekta for Mesta Entreprenør. I mars 2012 vedtok Mesta AS at entreprenørdelen skulle leggast ned så snart dei pågåande prosjekta er ferdige.

Same år kjøpte det sveitsiske firmaet Implenia deler av Mesta Entreprenør. Dei overtok maskiner og utstyr til tunnelarbeid, og dei har tilsett tunnelarbeidarar frå Mesta Entreprenør. Mange av dei frammøtte på gjennomslagsmarkeringa torsdag hadde difor gule Implenia-dressar.

Trass noko vemod, det var ei fin markering og eit vellukka gjennomslag, meiner Storøy.

- Vi har vore gjennom ein prosess, og har lagt det bak oss. Alle var fornøgde, vi traff på rett plass og alt gjekk bra.

Storøy skal no fylgje tunnelarbeidet til september. Då overtek elektroenterprisen for ferdigstilling av tunnelen.

Forsiden akkurat nå