Loftnesbrui på sjøvegen frå Polen

Betongarbeidet med den nye Loftnesbrui i Sogndal har gått på høggir siste tida. I dag gjekk dei første stålseksjonane ut frå verftet i Polen, og brua vil snart ta form.

Redaksjonen Våre Veger
23. jan. 2017 - 10:29

-Det nærmar seg montering av den nye brua, og me gler oss til å sjå korleis det vil sjå ut når sidespenn og hovudboge kjem på plass. Me har sett teikningar og illustrasjonar, men det blir noko anna å sjå det i levande live, seier prosjektleiar Gunnar Solbakken på rv5. Loftesnesbrui.

Klart i Sogndal

Tysdag 17. januar vart peletopp nummer to støypt, og landkara på sidene av sundet har stått klare ein god stund no. Med andre ord er strukturen som skal bere den nye Loftesnesbrui klar, og dei store stålkonstruksjonane kan løftast oppå.

Fredag kveld vart det siste av dei to sidespenn løfta over på lekter på verftet i Stettin i Polen, og dei to seksjonane på 430 tonn kvar skal fraktast sjøvegen opp over Skagerak, vidare langs Norskekysten og inn Sognefjorden. Lekteren gjekk ut frå Polen søndag føremiddag, rundt klokka 12.00. Samstundes er hovudspennet i ferd med å bli klart, og det vil gå ut frå Polen på eigen lekter få dagar etter sidespenna.

-Entreprenør Porr har planlagt å heise sidespenna på plass i veke 5, og då går det slag i slag med montering til nye brua er oppe, seier Solbakken.

Rundkøyring og støyping

Etter dei store støypejobbane ute i sundet no er fullførte, startar arbeidsfellesskapet Loftesnesbrui Porr Aurstad på vingemurar på landkar mot Sogndal og fundament til rundkøyringa på Nestangen. På Loftesnes pågår det arbeid med støyskjermar ved fjordhyttene.

Entreprenøren vil også ha mykje å ta tak i på nye brua. Der må det forskalast og støypast dekke, altså sjølve plata som bilar, gåande og syklande skal ta seg fram på. Til slutt skal det asfalterast og monterast lys og rekkverk. Det er eit stort arbeid som vil pågå i mange månadar.

Trafikk på før jul

-Det er mykje som skal gjerast før me kan sette trafikk på brua. Sjølv om hovudstrukturen kjem opp no snart, er det ein svær jobb som står att, seier Gunnar Solbakken.

Etter planen skal trafikken over på ny bru i månadsskiftet november/desember, og heile prosjektet, inklusive riving av gamlebrua, skal vere gjennomført i løpet av sommaren 2018.

Les mer om:
Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.