NYHETER

Over halvvegs under Halsnøy-fjorden

22. mars 2006 - 13:22

Halsnøy: Arbeidsformann Jon Bakke i Veidekke var med på sin første tunnel i Lærdal i 1972. Sidan har han reist landet rundt for å byggja tunnelar. No er tunnelgjengen på Halsnøy i Rogaland, for å byggje den lenge etterlengta fastlandsforbindelsen mellom Husnes og Halsnøya i Kvinnherrad kommune i Hordaland.

- Får håpa dei kan bli samde om Jondalstunnelen snart, smiler Bakke, som har rigga seg til i boreriggen saman med Magne Bakken og kontrollør og geolog i Statens vegvesen, Fredrik Johannessen.

Det ser ut som ved pc-en heime i stova. Dataskjermar og joysticks. Einaste skilnaden er at han som sit med joystickene er svart som ein feiar.

- Når alt går som det skal sit han i godstolen. Men skjer det noko må han ut og inn, til dømes når det ryk ein slange, fortel Bakke. Den største skilnaden sidan han starta i gamet er utstyret. Men prinsippet er det same. - Men me klarte å driva like mange meter i veka før som no, konstaterer

veteranen nøgd.



Bergljot som byggjeleiar

Arbeidslaget på Halsnøy-sida har passert under Blokkebærholmen ved Kolsøy, om lag 1.400 meter frå opninga. Frå Sunde-sida nærmar dei seg Nordre Kolsøy. Dermed står knappe 1.600 meter att. Statens vegvesen sin byggjeleiar for tunnelen, Bergljot Skonnord, håpar på gjennomslag på seinsommaren.

- Fjellkvaliteten og eventuelle vasslekkasjar er det som styrer framdrifta, fortel Skonnord, som har vore reisande i tunnel sidan 1989. Rennfast var eitt av dei første prosjekta ho var med på. Skonnord skal syta for at dei 30 tunneldrivarane gjer jobben. I tillegg har Veidekke om lag like mange som byggjer veg. Også dei har kvinneleg byggjeleiar frå byggherren si side; Marit Eidsnes Rogne.



68 meter på ei veke

- Vegvesenet har ein del kvinnelege byggjeleiarar, men dei fleste held til på Austlandet. Det er få som pendlar som oss, forklarar Skonnord. Dei som lagar tunnel vert kalla tunneldrivarar. Dei som byggjer veg blir difor dagdrivarar.

- Jobben i seg sjølv passar like godt for kvinner som for menn. Det meste skjer på kontoret. Det er pendlinga til anlegga som gjer at det er uvanleg med kvinner i slike jobbar, legg Skonnord til.

Boreriggen som Magne Bakken styrer heiter faktisk "Bergljot", oppkalla etter byggjeleiaren frå eit tidlegare prosjekt i Sogn og Fjordane der ho var kontrollør. Det var då riggen var ny, røpar Jon Bakke.

- Veidekke har faktisk ei ung kvinne som kjører ut masse med lastebil frå tunnelen. Det er meir uvanleg at kvinner har slike jobbar, fortel Skonnord, som bur i Kristiansand. Rekorden så langt er 68 meter tunnel på ei veke, men i det siste har det gått verre. Dårleg fjell gjorde at dei berre klarte 35 meter.



Halve hagen er borte

- Halsnøysambandet skal opna våren 2008. Då blir det vel å reisa til ein tunnel ein annan stad i landet, konstaterer Skonnord.

Ei som ikkje er så begeistra for all aktiviteten i Toftevågen er 80 år gamle Sveinhild Møller Tofte. Ho er ei av dei få som bur midt oppi anleggsområdet. To meter frå inngangen køyrer store dumparar forbi opptil 100 gonger om dagen, og halve hagen hennar er borte. No vert det lagt eit røyr like bortanfor eigedomen hennar.

- Det er mykje trafikk, og vegen er smal. Men no er det heldigvis roleg om nettene, fortel 80-åringen. Ho er spent på korleis det blir når anleggsperioden er over, og trafikken køyrer forbi 100 meter ovanfor huset. - Det er ei ny tid. Eg får berre ta det som det kjem. Men dei har lova å vøla etter seg. Eg håpar dei held kva dei lovar, sluttar Sveinhild Møller Tofte.

Les mer om:
Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.