Nomeland Anlegg er konkurs - 55 tilsette må gå frå jobben

Etter ei konflikt med Småkraft Utvikling AS om ein større sum har Nomeland Anlegg AS sett seg naudsynt til å melde oppbod. Verksemda har mellom anna vore engasjert på nye E18 mellom Tvedestrand og Arendal.

Thor Søndenaa
2. apr. 2018 - 13:25

Selskapet vart etablert i 1960 og har vakse til å bli ein av dei større entreprenørane på Sørlandet med arbeidsoppdrag mellom anna på veg, småkraftverk og feltutbygging. No må 55 tilsette gå frå jobben.

Den viktigaste årsaka til konkursen er ein konflikt med Småkraft Utvikling AS rundt eit større krav etter endrings- og tilleggsarbeid på Fjærlandsanlegga i Sogn, etter kva Nomeland skriv på Facebooksidene sine.

 - Styret og leiinga er av den klare meining at krava våre er velgrunna, skriv styreleiar Per Geir Løvstad og dagleg leiar Steinar Nomeland. Men verksemda har diverre ikkje økonomi til å ta saka vidare.

Nomeland Anlegg AS har tilhald på Rysstad i Valle kommune. Omsetninga i 2016 var på rundt 127 mill. kr. Advokat Kai Knudsen i advokatfirmaet Wigemyr & Co i Kristiansand er oppnemnt som bustyrar.

 - Det er berre ille at ein så viktig arbeidsplass må leggjast ned. Verksemda betyr særs mykje for bygda vår. Mange av ungdomane i bygda har fått si første arbeidserfaring som lærling hos Nomeland Anlegg. Eg har eit håp om at der kan vekse fram nye arbeidsplassar i kjølvatnet av dette, seier ordførar i Valle, Steinar Kyrvestad, til avisa Agderposten.

Les mer om:
Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.