«Vi, dei og oss»

Det blir mange vegaktørar etter 2020. Mitt håp er at vi alle blir tydeleg på kven vi er og kva vi vil.

Helge Eidsnes, regionvegsjef Statens vegvesen Region vest.
Helge Eidsnes, regionvegsjef Statens vegvesen Region vest. Foto: Knut Opeide/Statens vegvesen
Helge Eidsnes, regionsvegsjef i Statens vegvesen Region vest
5. sep. 2018 - 15:17

Frå 2020 kjem vi til å miste mange oppgåver knytt til fylkesvegar i dette landet, om vi legg gjeldande stortingsvedtak til grunn. Eigarane, fylkeskommunane, skal sjølve ta hand om desse. Det vil i praksis bety at vi får ti nye vegforvaltarar, for desse kjem i tillegg til ei slags fornya utgåve av Statens vegvesen og det forholdsvis nyetablerte selskapet «Nye veier». Eg har i det siste stilt meg sjølv nokre spørsmål rundt dei nye konstellasjonane. Til dømes om dette kan bli forvirrande for brukarane av vegnettet. Korleis samhandlinga mellom aktørane blir, og kva som skjer når ein splittar opp fagmiljø i så mange einingar.

Nye reformer ber alltid med seg ei form for risiko. Difor er utgreiingar og konsekvensanalysar ein føresetnad når ein set i verk store og viktige strukturendringar i samfunnet. Dei vil gje oss svaret på ein del, men dei blir aldri ein fasit. Den kjem først i ettertid. Slik er det, og denne type risikoar må vi leve med. Men det treng på ingen måte å vere usunt. For risiko betyr også at det blir tenkt nytt, og ofte skapar det ein ny dynamikk, nye moglegheiter og smartare løysingar. Det er dette vi må fokusere på no, når vedtak er gjort og ting er bestemt. Dersom ein strittar i mot endringane som er i vente, vil det gå ut over den tida vi har til å førebu og bygge ein ny robust organisasjon. Det er ingen tente med. Eg er viss på at Statens vegvesen tar dette ansvaret på alvor, og blir ein endå meir framtidsretta og profesjonell aktør frå 2020.

Det vi uansett skal ta på alvor, og som ikkje berre blir Statens vegvesen sitt ansvar åleine i framtida, er korleis det nye fellesskapet saman klarar å skape ei saumløys og god forvalting av vegnettet. Visst skal det vere konkurranse, det vil drive oss på ein sunn og god måte, men vi må passe oss for at det ikkje blir eit norgesmeisterskap i veg, der det kun handlar om å vere betre enn konkurrenten. Enten det er Nye veier eller fylkeskommunane.

Om ikkje lenge blir vi altså 12 vegaktørar, og vi vil samstundes ha gåande seks OPS-kontraktar. Sjølv om det kjem mange nye kokkar til, må målet vere at brukarane ikkje tenkjer på det i det heile. Vi og dei må vere eitt på mange måtar. Dersom privatpersonar, transportnæringa og andre brukarar opplever ein aktørjungel som dei går seg vill i, ja då står både tillit og omdøme på spel. For oss alle. Difor stiller eg meg nokre spørsmål rundt dette om dagen. Spørsmål eg trur tvingar seg fram, før eller seinare. Så vi kan like godt byrje å tenke på korleis vi skal samle skilta, slik at dei peikar i same retning. Ei retning som er til det beste for samfunnet.

Heldigvis tar vi med oss gode erfaringar frå tida vi har hatt saman med fylkeskommunane. Gjennom sams vegadministrasjon har vi tiår etter tiår jobba tett, og lært kvarandre å kjenne. Vi har hatt felles mål, vi har skapt arenaer for samarbeid og samhandling og vi har på mange måtar framstått som eitt. Eg trur ikkje at slike spor blir viska vekk med ei ny reform, eg trur kanskje det vil gjere oss endå meir bevisste på verdien av å finne gode løysingar, og gjerne felles løysingar der vi ser det er lurt. Framover må vi difor ha eit enda sterkare fokus på å integrere Nye veier, og dei andre aktørane, inn i eit føremålsteneleg samvirke. Slik kan vi sikre at alle har det klart for seg kva som er vårt samfunnsoppdrag. Både kvar for oss, men også som eit samla mål. Då kan vi bli litt som Ingebrigtsen-brørne, der vi får gode sparringspartnarar og konkurranse i kvardagen. Vi kan med andre ord bli ein liten samferdslefamilie med felles overordna mål, og som evnar å glede seg når også andre har suksess.

Får vi til dette, at vi og dei, på sett og vis blir litt «oss», då lovar det godt for norsk veg- og trafikktryggleiksarbeid i framtida.

LES OGSÅ: «Hva skjer med tunneler når det store skjelvet kommer?»

LES OGSÅ: Ja til veivedlikehold, nei til Senterpartiets forfall

Les mer om:
Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.