Bjørn Loteh (SV - Ullensvang) viste til at fleirtalet av innbyggarane i kommunen heller vil ha rassikker veg og gul stripe i vegen framføre bru. Han krevde også at det vart tatt omsyn til ferjesambandet Kvanndal-Utne-Kinsarvik dersom det skulle bli vedtak om bru. På første benk medlemmar frå stortinget sin komite for transport og kommunikasjon, frå venstre Trond Helleland (H), Eli Sollied Øverås, (Sp), Tor-Arne Strøm (A) og leiar av komiteen Per Sandberg (Frp) På andre benk fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg (KrF), samferdslesjef Magnus Vestrheim, hoteldirektør Edmund Utne, styreformann i Hardangerbrua AS Einar Lutro, Tom Knudsen frå NHO i Hordaland.
Dette manipulerte bildet viser dimensjonene på Hardangerbrua i forhold til storhotellet SAS Oslo Plaza sine 37 etasjer.

Hardangerbrua "vedtatt" på befaring

  • Nyheter

Bergensprogrammet, Hardangerbrua og Jondaltunnelen var noko av det stortingskomiteen såg næraren på under sitt besøk i Hordaland i midten av januar. Samla kostnad for investeringane blir 7,5 milliardar, og av dette skal bilistane betale rundt 4,5 milliard. Etterslepet på vegvedlikehald er 2,5 milliard for region vest. Til rassikring manglar det 2,9 milliard. Formåla er mange og gode i vest.





"Vedtok" Hardangerbrua

Det vart ei stor overrasking for alle at komitémedlemane ”vedtok” å bygge Hardangerbrua utan å ha konsultert partigruppene sine. Vegvesenet og bruforkjemparane var strålande nøgde. Om lag 200 kom med faklar til hotellet på Lofthus for vise glede.

På vestsida av fjorden dominerte redsla for framtida til ferjesambandet Kvandal-Utne-Kinsarvik. Slår bruprognosen til vert det ikkje nemnande trafikk att. Trafikkselskapet HSD har i brev kome med sterke kritiske merknader til at konsekvensane for sambandet ikkje er godt nok utgreidd. Den same kritikken vart reist av innbyggarane i Ullensvang kommune.

Berre Frp og SV ville ikkje la seg rive med av ”hallelujastemninga” i Eidfjord. Dei meinte at dei måtte undersøke saka grundigare og invitere dei som laga kvalitetsikringa så vel som ferjeselskapet HSD og Noregs Miljøforbund.





Tunge vegsaker

Jondaltunnel vil gje ein rassikker snarveg mellom Hardanger og Bergen under Folgefonna. Reisevegen vert korta inn med ein tredjedel. Konflikten ligg i at tunnelen vil underminere Hardangerbrua sitt trafikkgrunnlag. Difor må vedtak om brua sikrast først. Tunnelen skal koste litt over ein halv milliard kroner.

Hardangerbrua vil på si side gje ein ferjefri veg over Eidfjorden og tek vekk ferja Bruravik-Brimnes. Konflikten her ligg i at eit stort fleirtal i Hardanger vil ha gul stripe i vegen og rassikring før bru. Brutilhengarane hevdar at ein treng brua for å få rassikring. Motstand mot brua kjem også frå dei som vil trygge levekåra for villrein. Brua skal koste knapt 2 milliardar.

Bergensprogrammet er utbygging av motorveg rundt byen og trikk, ”bybanen” gjennom bysentrum. Motstandarane krev folkerøysting. Trikkelina krev for mykje plass, går for sakte og i ”feil” trase. Buss er meir fleksibelt. Bergensprogrammet er kostnadsrekna til 5,3 milliardar kroner.





Tilførselsveg over tunet

I den vakre grenda Flatabø ved Maurangerfjorden fekk komiteen auge for bygdefolket sine innvendingar til å få ein gjennomfartsveg tvers igjennom tuna, slik tilførselsvegen til Jondalstunnelen vil kome til å blir. Det fantastiske landskapet ved Maurangerfjorden var ramme for filmen ”The Vikings” (1958) med Krik Douglas.

Mens miljøkrigar Kurt Oddekalv kalla vegvesenet sin vegplan ein skandale, meinte vegdirektør Olav Søfteland at denne vegen kom til å bli så fin at vegvesenet ville få pris for vakker veg.

Bergensprogrammet skal Stortinget berre ta stilling til endra opplegg med bompengefinasiering. Men sterke krefter vil at Stortinget skal gå grundigare gjennom heile dette programmet. Bilorganisasjonen NAF kom med solid dokumentasjon på krav om folkerøysting om ny trikkelinje/bybane.

Noregs Miljøvernforbund, kritiserte framlegget til bybane ”nord og ned”. Dei meinte NSB si løysing er betre fordi ville ta med Haukeland sjukehus, og kunne gi ”flytog” til Voss så vel Bergen sentrum. Men samferdslekomiteen vil godta bergensprogrammet slik det er, trass vektige innvendingar.

Forsiden akkurat nå