Første byggetrinn i ferjeavløysingsprosjektet Storfjordsambandet er gryteklart

Storfjordsambandet er klar for å realisere tunnelen Hole-Engeset mellom Sykkylven og Stranda. Delprosjektet vil ikkje belaste den fylkeskommunale økonomien i Møre og Romsdal.

Storfjordsambandet utgjer dei tre delprosjekta 1) Hole-Engeset, 2) ny trasé mellom Digernes og Magerholm/Storfjorden, og 3) Storfjordbrua. Første byggetrinn Hole-Engeset definerast av Storfjordsambandet som sjølvfinansierande basert på Møre og Romsdal fylkeskommune sin modell som vart vedteken av Samferdselsutvalet i sak SA 20/17.
Storfjordsambandet utgjer dei tre delprosjekta 1) Hole-Engeset, 2) ny trasé mellom Digernes og Magerholm/Storfjorden, og 3) Storfjordbrua. Første byggetrinn Hole-Engeset definerast av Storfjordsambandet som sjølvfinansierande basert på Møre og Romsdal fylkeskommune sin modell som vart vedteken av Samferdselsutvalet i sak SA 20/17. Illustrasjon: Storfjordsambandet
26. feb. 2019 - 14:36

Tunnelen Hole-Engeset er eit første av tre delprosjekt i ferjeavløysingsprosjektet. Byggetrinnet er sjølvfinansierande, og vil ikkje på noko tidspunkt belaste den fylkeskommunale økonomien i Møre og Romsdal, skriv Storfjordsambandet i ei pressemelding.

Storfjordsambandet vart stifta i 1987, og har sidan starten arbeidd med tre delprosjekt på strekninga Stranda-Digernes som har innbyrdes effekt på kvarandre. Prosjektet har bedt Møre og Romsdal fylkeskommune om å plassere det første delprosjektet Hole-Engeset i fase 3 «Utvikle konsept» for sjølvfinansierande vegprosjekt.

– Med enklare ord: Storfjordsambandet har nådd ein betydelig milepæl, og vi har meldt inn eit gryteklart byggetrinn til samferdselspolitikarane i fylket, seier dagleg leiar Øyvind Olsen i Storfjordsambandet AS. 

Utvikling av regionen

Storfjordsambandet har gjennom eksterne rapportar, samt høyringsuttaler frå kommunar og næringsliv, utreda sjølvfinansieringsevna i prosjektet. Mellom anna har dei to kommunane Sykkylven og Stranda fatta vedtak kor dei støttar opp om bygginga av Hole-Engeset, og der dei peikar på at Storfjordsambandet vil vere av svært stor verdi for framtidig utvikling av kommunane og regionen. Skodje kommune er også ein del av Storfjordsambandet.

– Potensialet for interaksjon mellom Stranda, Sykkylven, Nye Ålesund og Hornindal kommune – som snart blir en del av Møre og Romsdal fylke - kan løysast ut gjennom Storfjordsambandet med meir framkommelege og føreseielege vegar, og med kortare reisetid, seier ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad.

Ordførar i Sykkylven, Odd Jostein Drotninghaug legg til; – Næringslivet i kommunane våre må ha gode kommunikasjonsliner for å utvikle seg vidare. Dette gjeld både tilgangen til kompetent arbeidskraft, og for å sikre transporten av varene ut av distriktet.  

Trulovingsring

Tunnelen mellom Hole og Engeset vil knyte saman to befolkningstette lokalsamfunn som i dag ligg nære kvarandre, men som er skilt av Strandafjellet med fylkets høgaste fjellovergang på 533 meter over havet. I tillegg til redusert reisetid og sikker ferdsel, vil også forbindelsen styrke moglegheitene for å lykkast med ei samanslåing av kommunane Stranda og Sykkylven.  

– Tunellen er ein trulovingsring for ei framtidig kommunesamanslåing, og vil bidra til å styrke trafikkgrunnlaget på fjordkryssinga, og dermed finansieringsgrunnlaget for den framtidige Storfjordbrua, seier Tryggestad og Drotninghaug i kor.

Auke bredda og djupna i bu- og arbeidsmarknaden

– Ved å kople Storfjordsambandet til Digerneset i Skodje på ein oppgradert E39 mellom Ålesund og Molde, vil ein kunne auke bredda og djupna i bu- og arbeidsmarknaden i fylket, seier Dag Olav Tennfjord, ordførar i Skodje kommune. Han legg til:   

– Stranda og Sykkylven er kommunar prega av industri og produksjonsbedrifter, med godt grunnlag for stor utveksling av arbeidskraft mellom næringslivet i kommunane. Potensialet for integrering av bu- og arbeidsmarknaden mellom Stranda og Sykkylven, og for at desse kommunane blir ein del ein felles arbeidsmarknad i Ålesundsregionen, kan løysast ut med vegar som er meir framkomelege, føreseielege og ikkje minst gir kortare reisetid.

37 millionar pizzaer i året

Årleg rullar det ut om lag 37 millionar djupfrosne pizzaer frå Orkla Foods sitt anlegg i Svemorka på Stranda, til kundar i inn- og utland. Her skal Orkla investere om lag 600 millionar kroner over ei periode på fem år, for å satse på både nyskaping og ein meir effektiv produksjon på Stranda.

– Kvar dag kjem det i gjennomsnitt seks vogntog med innsatsvarer inn til oss, og kvar dag går det åtte-ni fullasta trailerar ut frå anlegget vårt. Ein stor del av desse vil nytte ein framtidig tunnel mellom Hole og Engeset. Då unngår vi ei stigning på 533 meter over Strandafjellet, med det det fører med seg av ekstra drivstoff, utslepp og vedlikehald, samt at regulariteten i tunnelen på vinterstid er like god som på sommaren, seier Einar Arve Nordang, som er logistikksjef ved Orkla Foods Norge på Stranda.

Utgreidd sjølvfinansieringsevna

Storfjordsambandet er blant dei etablerte store prosjekta som ligg som uprioriterte i fylket sitt investeringsprogram, og som Samferdselsutvalet skal handsame opp i mot prinsipp for sjølvfinansiering den 6. mars i år.

Det føreligg store mengder dokumentasjon knytt til Hole-Engeset som sjølvfinansierande prosjekt, inkludert årlege drifts-, vedlikehalds- og rehabiliteringskostnadar. Mellom anna har Norconsult utgreidd sjølvfinansieringsevna med trafikkanalyse (transportmodell og kvalitativ vurdering), finansierings- og kontantstrømsanalyse, trafikkanalyse inkludert bompengar, og finansieringspotensial med bompengar. Utrekninga av sjølvfinansieringsevna i prosjektet baserer seg på fylkeskommunen sin modell som vart vedteken av Samferdselsutvalet i 2017.

Artikkelen fortsetter etter annonsen
annonse
Innovasjon Norge
Trer frem med omstilling som innstilling
Trer frem med omstilling som innstilling

– Vi kjenner oss trygge på at vi har ført prosjektet fram til fase 3 «utvikle konsept», og at vi har gjort det vi kan for å gjere prosjektet klart for kvalitetssikring. Deretter ser vi fram til å legge til rette for at Fylkestinget skal kunne bestille neste fase, som er å førebu delprosjektet for gjennomføring, seier dagleg leiar Øyvind Olsen i Storfjordsambandet.

Les mer om:
Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.