NYHETER

Bygger 15 000 m2 tørrmur i Etne

Med tilsaman 15.000 kvadrat med natursteinsmur blir nye E134 Stordalen blant dei største tørrmurar i landet.

Kontrollingeniør Nils Roar Holgersen i Statens vegvesen ved ein av dei mange natursteinsmurane som er under bygging på E134-prosjektet i Stordalen i Etne. Foto: Geir Brekke, Statens vegvesen
Kontrollingeniør Nils Roar Holgersen i Statens vegvesen ved ein av dei mange natursteinsmurane som er under bygging på E134-prosjektet i Stordalen i Etne. Foto: Geir Brekke, Statens vegvesen
4. apr. 2014 - 13:08

Det meiner iallfall entreprenørane som er i sving med det 4,4 km lange europavegprosjektet i Etne i Hordaland.

 

Strenge krav

Dei har vore i arbeid sidan seinhaustes 2013. Med snill vinter har det vore gode tilhøve for anleggsdrift, med mykje sprenging og masseflytting etter at skogen var rydda. Men framfor alt ein serie med lange og høge tørrmurar. I lengda rekk dei lengste kring 300 meter, og dei høgste murane er på 15 meter. Totalt omfattar anlegget nærare 30 separate murar.

Prosjektleiinga til Statens vegvesen stiller strenge krav til utføring på anlegget. Kvalitet på murarbeidet er viktig. Murane skal stå så lenge der går trafikk på nye E134 mellom Håland og Lauareid i framtida.

 

Uaktuelt med betong

Frå publikum har det kome spørsmål kring val av tørrmuring istadenfor betongmurar i dei høge halvskjæringane gjennom daglina.

- Høge betongmurar ville vore eit urealistisk alternativ. Dette ville kravd uvanleg store og djupe fundament og ville kravd mykje lengre byggjetid, seier byggjeleiar Per Inge Naterstad i Statens vegvesen.

Trafikken langs E134 går heile tida gjennom byggjeperioden. I dag er det opp til 15 minutt å venta for trafikk i båe retningar. Det er lagt opp til etter måten kort byggjetid, med fullføring hausten 2015.

 

Tunneldrift i gang

E134 Stordalen omfattar også den 200 m lange Bakkatunnelen og den 1.200 m lange Stordalstunnelen. Ein er så vidt i gang med driving av den korte tunnelen i veke 14, medan drivinga på lengste tunnelen tek til etter påske 2014.

Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.