1000 meter tunnel feiret med kake

Strabag har passert 1000 meter i den 1970 meter lange Rødølstunnelen på E16 Filefjell. Det vart nyleg med kake.

Redaksjonen Våre Veger
6. juli 2017 - 22:29

- Eg vil gratulere med halvvegs gjennom tunnelen. Det er bra me ikkje har hatt personskader med fråvær. Sjølv om me ønskjer å ta att den tapte framdrifta, så er det HMS som skal vera det viktigaste, også gjennom resten av tunnelen, sa prosjektleiar Odd Erik Haugen i Statens vegvesen.

Den austeriske entreprenøren Strabag byggjer strekninga lengst aust på E16 Filefjell. Entreprenøren sin prosjektleiar Wolfgang Mysliwietz fekk tysdag æra av å sprette 1000-meterskaka, då vegvesenet kom med ei påskjønning til anleggsfolka.

 

Må stå på

- Me ventar gjennomslag på tunnelen i oktober, og etter det må me jobbe fort og gjere alt riktig for å rekke fristene me har å halde oss til. Så me har ein hektisk periode foran oss, sa Mysliwietz.

Rødølstunnelen vart først driven berre frå vest. Men grunna mellom anna sein oppstart, og utfordringar med ei sone med lausmassar, blei entreprenøren liggande etter skjema. For ein månads tid sidan starta Strabag difor med tunneldrift også frå aust, og no er dei godt i gang med å ta igjen noko av det tapte, med inndrift opp mot hundre meter dei beste vekene.

- Me ser fortsatt realistisk på å rekke del- og sluttfrist i prosjektet. No er det store spenningsmomentet om me vil få vann i tunnelen når me passerer under elva Rødøla. No er det rundt 50 meter igjen før me er rett under senter av elva, seier Mysliwietz.

Godt samarbeid

- Tunnelarbeidarane har jobba godt, og då me passerte under Kongevegen med liten overdekning og lausmassar, var det ein god test for samarbeidet mellom byggherre og entreprenør. Vegvesenet er med oss framme på stuff, og tar beslutningar, seier entreprenøren sin anleggsleiar på tunnel, Per Olav Aasen.

- Ja, me har fått til eit godt samarbeid på prosjektet, og me jobbar mot same målet, seier vegvesenet sin byggjeleiar Stein Henry Øvstetun.

Også ute i dagen er det full aktivitet på delstrekning Øye -Eidsbru. Den 210 meter lange Strondafjordbrune nærmar seg ferdig. Nest siste etappe av betongplatebrua skal støypast no på fredag, og siste etappe kjem ein stund etter ferien. Arbeidet med utviding av Evangsbrune er òg kome i gang. Der er det utført peling, og betongarbeid skal starte opp.

Nye deponi

I terrenget over Øye er store mengder stein og morenemasse flytta, og det er lagt røyr og mura nedføringsrenner frå fleire raviner i skråninga der ny veg skal gå. Det er òg etablert to nye deponiområde: Eit bak Øye for morenemassar, og eit ved Hagastrondi for  steinmassar.

Ved austenden av Rødølstunnelen skal det støypast ein 150 meter lang lausmassetunnel. Området er no gravd klart, og fundamentering og betongarbeid kan starte over ferien.

Les mer om:
Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.